Dåp


Dåpen er ei feiring av livet. I dåpen blir me borne fram for Gud, anten me er små eller store. Livet i Guds hand er også eit liv i fellesskap med alle som trur. Velkommen til dåp!

Ein baby i dåpskjole ligg på ein kvit bakgrunn, med blå auge og lyst hår. Babyen held hendene opp mot ansiktet og ser nysgjerrig inn i kameraet, kledd i ein kvit kjole med blomsterdetaljar, klar for dåpen. Foto.

 

 

Dåpsførebuing. I Austevoll blir det døypt 50 – 60 born kvart år. Vi har dåp dei fleste av søndagane. Alle som vil døype borna sine er med på ei samling i forkant. Dette gjeld også dei som skal ha dåp ein annan stad enn i Austevoll. Denne er vanlegvis fyrste onsdag i kvar månad kl. 12.00 på kyrkjekontoret.

Kven og kva? Samlinga er for foreldre. Fadrar er også velkomne om dei har høve til det. Babyen er også hjartelig velkomen. Vi tåler godt litt barneskrik! Vi snakkar om kva dåp er og det praktiske kring sjølve dåpshandlinga. Sist, men ikkje minst, om korleis vi kan formidle trua til borna våre også etter dåpen.

Du er i godt selskap om du kjenner deg usikker. Har du noe du lurer på, må du berre koma med spørsmål.


Klikk på lenkjene under for meir informasjon.