Påmelding til dåp
Orientering om dåpen
For å starte utfyllinga trengst eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom de ikkje har fødselsnummeret til barnet, kan de bruke dykkar eige. De vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen. Vel kyrkje og to datoar der det er ledig plass. I første omgang er det nok å fylle ut namn på barnet og kontaktinformasjon til dykk foreldre.
Har de enno ikkje bestemt namn på barnet, kan de likevel sende påmeldinga.
Etter at datoen for dåpen er stadfesta, kan de seinare gå til "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhaldet med for eksempel fadrar. Bruk same person - og telefonnummer som ved første innlogging.
Opplysningane vi samlar inn vil bli nytta i samband med oppfølging av dåpen. Les meir om dette på våre heimesider.