Kven skal forma arbeidet til kyrkja der du bur dei neste fire åra? Kyrkjevalet 2027 nærmar seg, og kyrkjelydane treng menneske som vil vera med og ta ansvar. Kanskje er du ein av dei?
Soknerådet har ei viktig rolle i kyrkja. Det dei bestemmer, påverkar det som skjer i kyrkjelyden, frå gudstenester, kyrkjeleg undervisning og læring, til kulturarbeid, omsorgsarbeid, frivillig innsats og tilbod til barn og unge. I kyrkjevalet vel ein over heile landet dei som skal sitja i sokneråd i kvart sokn. Alle medlemer i Den norske kyrkja har stemmerett frå det året dei fyller 15. Det er kyrkjeval kvart fjerde år. Som medlem i soknerådet får du høve til å vera med og påverka kva plass og rolle kyrkja skal ha i lokalsamfunnet ditt.
Eit verv med meining
For mange rådsmedlemer handlar vervet om å få vera med og gjera ein forskjell.
– Det er meiningsfullt å få innsikt i alt som rører seg av i soknet. Eg opplever at eg kan vera med og påverka korleis kyrkja utfører oppdraget sitt, fortel ein rådsmedlem.
Ein annan peikar på fellesskapen: – Mange positive menneske ønskjer å dra i same retning. Det gir meg livskvalitet å få vera med.
Å sitja i soknerådet gir høve til å bruka eigne erfaringar, interesser og perspektiv i arbeidet for fellesskapen. Kyrkja treng menneske med ulik bakgrunn og alder og ulik kompetanse. Om du går ofte eller sjeldan i kyrkja, om du er heilt trygg i den kristne trua di eller stadig undrar deg over korleis verda heng saman, er du velkommen. Det er nettopp mangfaldet av stemmer som gjer rådet sterkare og betre i stand til å vareta heile kyrkjelyden.
Har meir å seie enn mange trur
Soknerådet er med på å bestemma retninga for arbeidet til kyrkjelyden. Rådet arbeider med spørsmål som gjeld både dagens verksemd og kva som skal skje i åra framover. Det handlar om korleis ressursane skal brukast, kva tilbod som skal utviklast, korleis frivillige kan involverast, og korleis kyrkja kan vera relevant for menneske i alle livsfasar.
Gjennom soknerådet kan ein derfor vera med på å skapa konkrete resultat i lokalsamfunnet. Små og store avgjerder som blir tekne rundt møtebordet, får noko å seia for menneske som brukar kyrkja i kvardagen og ved dei store hendingane i livet. Den norske kyrkja er avhengig av medlemmer som vil vera med å forma framtidas kyrkje. Kanskje er det din tur i 2027?
Meiningsfullt
Soknerådet gir høve til å samarbeida med andre, utvikla nye idear og vera med på å styrkja kyrkja som fellesskap. Samtidig viser erfaringane at mange opplever vervet som meiningsfylt og givande. Ein stor del av dei som sit i sokneråd, svarer at vervet er like tilfredsstillande eller meir tilfredsstillande enn dei hadde venta.
Rom for nye
Kyrkja treng ikkje berre dei som allereie er mest engasjerte. Den treng også nye perspektiv, nye erfaringar og nye stemmer. Om fleire seier ja til å stilla, blir også kyrkja betre rusta til å møta framtida.
Kanskje er det no du tek steget frå engasjement til medansvar!
Vil du vera med, eller ønskjer å vita meir? Ta kontakt med kyrkjekontoret der du bur.
Les meir på kirken.no/valg
Om kyrkjevalet
• Kyrkjevalet blir arrangert kvart fjerde år, neste val er hausten 2027
• Kyrkjevalet 2027 er digitalt, med høve til å stemma i fem veker frå 10. august til 13. september
• Alle medlemer i Den norske kyrkja som er fødde i 2012 eller tidlegare har stemmerett
• I kyrkjevalet stemmer ein på medlemer til soknerådet der ein bur, og til Kyrkjemøtet og bispedømeråd.
• I soknerådsval er det vanleg at det berre er éi liste med namn på kandidatar
• I val til Kyrkjemøtet og bispedømmeråd er det fleire lister med ulik kyrkjepolitisk profil
Om soknerådet
Soknerådet vårt består av 12 medlemer, og me møtest om lag 6 gonger i året. Sokneprest sit fast i soknerådet, medan leiar blir vald blant dei som blir vald inn i kyrkjevalet.
Ti gode grunnar for å stilla til val
• Du bryr deg om lokalmiljøet ditt.
• Du vil vera med og bestemma.
• Kyrkja treng ulike stemmer og erfaringar.
• Fellesskap skaper ikkje seg sjølv.
• Barn og unge fortener gode møteplassar.
• Tru, kultur og omsorg betyr framleis noko.
• Du kan gjera ein forskjell.
• Du lærer noko nytt om deg sjølv og andre.
• Det er givande å skapa noko saman.
• Framtidas kyrkje treng menneske som deg.