Kyrkjeverje / dagleg leiar i 100% stilling


Kyrkjeverje / dagleg leiar i 100% stilling


Austevoll sokneråd i Fana prosti, i Bjørgvin Bispedømme, har ledig 100% stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar. Austevoll sokn har eit sokneråd som også har fellesrådsfunksjon. Stillinga er ledig frå 01.03.2026.

 

Austevoll kommune er ein kystkommune, ein times reise sør for Bergen. Kommunen har ca 5500 innbygjarar. Folketalet er aukande og kommunen utmerkar seg med eit aktivt næringsliv, vakker natur med mogelegheit for eit rikt og variert friluftsliv og med gode oppvekstvilkår.

I soknet er det 5 kyrkjer, 1 kapell og 11 gravplassar.  Soknet har 7 kyrkjeleg tilsette og ein sokneprest.

Kyrkja i Austevoll er ein kyrkjelyd i vekst. Folk er flink å støtte opp om gudstenester, tiltak, arrangement og alt vi held på med. Dette gjer Austevoll kyrkjelyd til ein intressant og utfordrande arbeidsplass.

Me søkjer ein engasjert, utadvendt og samlande person som kan bidra til å inspirere, motivere og videreutvikle det flotte arbeidet vi gjer i Austevoll kyrkjelyd.

 

Arbeidsoppgåver:

Dagleg leiar for fellesrådet og soknerådet si verksemd

Sakshandsaming og sekretær for fellesråd/sokneråd

Personalansvar for tilsette

Økonomi og administrasjon

Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar

Redaktør for kykjebladet

Kontakt og samarbeid med kommunen, prest, prost og andre samfunnsaktørar

 

Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning/realkompetanse innan kyrkjefag, økonomi, administrasjon og personalleiing

Kjentskap til kyrkjeleg verksemd

Gode IKT ferdigheter

Personlege eigenskaper vil bli tillagt stor vekt.

Medlemskap i Den norske kyrkja

Beherske begge målføre

Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning

 

Vi tilbyr:

Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver

Engasjerte medarbeidarar

Løn etter avtale

Pensjons- og forsikringsavtale i KLP

Grunnkurs for kyrkjeverger

 

Søknadsfrist:

01.11.25

 

Kontaktinfo:

Kyrkjeverje: Karen Kvinge tlf: 5508 2602 / 9929 1547

Sokneprest: Tor Håkon Eiken tlf: 5508 2603 / 472 32 701

Tilbake