Det er mange menneske som høyrer til Kyrkja i Austevoll. Det fører til at vi treng fleire presteressursar. Vi tenkjer det er ein positiv utfordring.
Biskopen vår har no sendt brev til soknerådet i Austevoll, der ho gjer fullmakt til Øyvind Sivertsen og Regine Hatlevik Otterå til å halde gudstenester. Ho ber oss om å ta godt i mot dei, og støtte dei i tenesta. Det kan vi garantere at vi vil gjera!
Øyvind vart presentert i Stolmen kyrkje 02.03. Han er maskinist og studerer teologi og diakoni. Han har og lang fartstid som predikant i pinsebevegelsen og deler evangeliet med glede og kjærleik.
Regine vart presentert i Austevoll kyrkje 09.03. Ho har i fleire år jobba i kyrkja i Austevoll både med praktisk og pedagogisk arbeide. Ho er ei ærleg og sterk medarbeidar i kyrkja. Vi kjenner henne som ei som ivrar etter å gjere kyrkja tilgjengeleg for alle.
