Sosial kveld og utdeling av teikneseriebibelen


Sosial kveld og utdeling av teikneseriebibelen


Går du i 5klasse? Eller har du ein 5klassing i hus? Då kan dette være noko for dykk! 

 

Kvar vår inviterer me til utdeling av teikneseriebibelen til alle 5 klassingar. Me sender ut invitasjon i forkant med påmelding slik at me veit kor mange som kjem. Dersom ditt born ikkje har fått invitasjon så er det berre å ta kontakt og melde seg på. Dette er for alle, ikkje berre dei som er medlemmer i kyrkja. 

I forkant av utdelinga plar me også invitere til ein sosial kveld anten i Bekkjarvik eller på Storebø for å bli kjend med borna før dei kjem på utdelinga. På Sosial kveld kosar vi oss med leik og aktiviteter. Me har sjølvsagt også noko godt å ete! 

Tilbake