3 klassingane får utforske og bli kjend
Tårnagenthelg er eit tiltak som kyrkja i Austevoll har hatt i fleire år. Her inviterer me 3klassingar i frå heile kommunen til ein laurdag i Austevoll kyrkje til forskjellige aktivitetar med påfølgande gudsteneste neste dag der tårnagentane bidreg.
Laurdagen får tårnagentane moglegheita til å bli betre kjend med kyrkja og utforske litt. Dei får prøve ut og sjå orgelet og klatre heilt opp i tårnet der storklokka er i tillegg til andre aktivitetar. Me øver også litt på eventuelle bidrag til gudstenesta.
Mat er viktig, så dei får sjølvsagt litt tårnagentmat.
Tårnagent har alltid vert eit veldig populært tiltak og kvart år har me mange påmeldte, noko me synest er veldig kjekt! Mange foreldre melder seg også til å være med å bidra på gruppene, med maten eller til kyrkjekaffien på sundagen. Det set me stor pris på.
Årets tårnagenthelg er 25-26 januar. Sjå arrangementsida. 