Sitter her og tenkjer i takknemlegheit på ein fantastisk desember månad vi har hatt. Tenkjer også på kor mange personar som har vore innom kyrkjene våre
Eigentleg startar jula for oss i november. Då er det lysmessa med konfirmantane og då kjenner vi at vi er godt i gong med forberedelser og oppløpet til jula.
Ei fullsett Austevoll kyrkje fekk oppleve ein stor gjeng flotte ungdommar som gjorde lysmessa helt spesiell frå dei kom inn i prosesjon i kvite kappar. Alle hadde dei ei eller anna oppgåve, alt frå å bera lys til dekke alteret, lese bøner, syngje og meir til.
Fyrste fredag i månaden hadde vi seniortreff på Austevoll PO-senter. Her var det fult hus og god stemning – som vanleg. Denne fredagen hadde vi besøk av storegruppa frå Storebø FUS barnehage. Dei song for oss med sine fine bornestemme. I tillegg hadde Anne Hauge eit innlegg om livet sitt på plattforma ho jobbar på. Og måten ho formidla det på ble både humoristisk og interessant.
Tradisjonens tru har kulturskulen i Austevoll hatt tre konsertar rundt i kyrkjene våre. Mange stolte foreldre, besteforeldre og andre fekk oppleve 67 born i aksjon. Her var det alt frå unge og flinke songfuglar, nybegynnarar på gitar til ungdommar som har spelt nokre år. Alltid like kjekt å sjå og høyre desse unge.
Ei anna tradisjon er Stolmen kyrkjekor sin julekonsert i Stolmen kyrkje. I år hadde dei med seg eit barnekor som bestod av Karianna, Caroline, Helle, Josefine og Anny. Dei hadde også med seg Thomas Sivertsen som bidrog med to songar kor den eine har han laga sjølv. Bandet Sea Gulls, som består av 5 staute og dyktige karar, Henrik, Tor Eirik, Ole Ivar, Johannes og Simon, opptrådde med eit nummer i tillegg til at dei spelte til nokre av songane til kyrkjekoret. Leiar for koret, Elin Aarland Vaage, meinte vi no etter kvart kunne titulera bandet som vårt eige husband.
Austevoll Brass hadde ein avdeling på konserten, og det er alltid like kjekt å høyre dei! I mine øyre er dei i ei klasse for seg!!
Stolmen kyrkjekor har fått ny dirigent i haust. Nina Basyuk er vikar medan Maria Kuleshova har permisjon. No er notar lagt vekk. Det er kun tekst og øyre som skal brukast i tillegg til stemma. Nokre i koret jubla medan andre tenkte dei ville savne notane. Det gjorde dei ikkje so lenge. Dette har fungert og det har gitt resultata. Mange og gode tilbakemeldingar frå ei fullsett kyrkje!!
Det seiast at malinga flassa frå taket under galleriet pga det var so mykje folk der oppe. I periodar var det kø i gongen for å komme inn.
Lyd og lys på konserten må nemnast. Mykola Basuyk sto for lyden og her snakkar vi om ein profesjonell som veit kva han gjer. I tillegg hadde Mykola med seg ein kamerat som er profesjonell lysteknikar. Det heile var so vakkert!!
Tidleg på året vart det vedtatt at vi skulle slå saman julegraut i kyrkja som vi hadde før jul med juletrefesten som vi hadde på nyåret. Begge arrangementa inneheldt mykje det same, so det var ikkje so stor justeringar som måtte til.
Førre onsdag fylte vi godt opp Storekalsøy kyrkje. Her fekk folket oppleve julespillet med mange born i rollane og eit barnekor opptredde. Som seg hør og bør på ein julefest, så gjekk vi rundt juletreet. No til dags er det ikkje alle som gjer det i løpet av jula, derfor er det ein god og fin tradisjon at vi gjer det på festen. Det vart servert julegraut – utan mandel – og det vart servert julekjeks, mandarinar, saft og kaffi. Mens dei vaksne kosa seg med ein kopp kaffi, var dei yngste saman med ein gjeng konfirmantar og laga julelenkje og andre aktivitetar.
Og trur du ikkje nissen fant vegen til Storekalsøy kyrkje? Han snakka nordlandsk og sa han hette Jens. Snopepose hadde han med seg til alle borna.
Ein kjekke ettermiddag!
Og som vanlig har vi hatt julespill med alle barnehagane rundt i tre kyrkjer. Då er det storegruppa i dei ulike barnehagane som er med og dramatiserer Juleevangeliet. Og det er alltid like kjekt å være med på. I tillegg til at det då kjem mange born til kyrkjene, så er det også mange foreldre og besteforeldre som kjem og ser på. Veldig stas for dei små.
Ein ettermiddag hadde vi Julespelet med våre vener frå NFU og Dei glade musikantar spelte og song for oss. Etterpå var det kyrkjekaffi og julekjeks. Kjempekoselig!
Tysdag var det tid for Julekveld i kyrkja.
For to år sidan kom Regine Hatlevik Otterå med tanken at det hadde vore kjekt å samle folk i kyrkja ein ettermiddag/tidleg kveld og gje dei eit pusterom i juleforberedelsene. Omtrent halv kyrkje i 2022, litt fleire i fjor. I år vart det stapp full kyrkje!!
For å sikra seg ein god plass, var det fleire som kom tidleg. Og det var lurt. Folk strøymde til. Vi gjekk tom for program, so vi måtte rundt å tigge ein del tilbake. So fekk heller folk sjå saman.
Kathrine Haugsmyr på flygelhorn og Audun Instefjord opna konserten med «Vita lux». Kan ikkje anna seia at det var vakkert. Vidare vart det nydeleg song av Regine, Arvid Søreide og Maria Vassnes, enten dei song åleine eller som duettar. Sokneprest Tor Håkon Eiken var også med på eit av songnumra saman med Regine, Arvid og Maria.
Ingen kan formidle Juleevangeliet som Tor Håkon! Med ein fantastisk innleving og så klart utan manus, så trollbandt han alle i kyrkja. Ei anna som trollbandt publikum med si lesing, var Hildegunn Teien. Ingen les som ho!
Før vi alle var med og song «Deilig er jorden» skulle Arvid framføre «O helliga natt». Til stor overraskelse for mange hadde han Jan Tørres Nordstrand med seg.. Veldig mange meine det ikkje er skikkeleg jul før dei har høyrt denne vakre julesongen med Jan Tørres.
Lyssettinga i kyrkja denne kvelden var magisk. I tillegg var det pynta med levande lys oppe i koren, i vindauga og på trappa
Vi avslutta kvelden med kyrkjegløgg, julekjeks og ein god drøs med naboar, vener og kjente.
Tilbakemeldingane frå publikum var at dei treng ikkje dra til byen for å få med seg flotte konsertar. Fleire fortalte at dei hadde storkost seg på Stolmen med kyrkjekoret og gjestane deira, og no fekk dei enda ei flott oppleving. Kanskje vi må ha to julekveldar neste år?
Måndag starta vi med skulegudstenestene. Fyrst ut var det to flotte gudsteneste i Bekkjarvik kyrkje. Tradisjonens tru kjem 1.trinn som Lucia med lys og syng. Når man i tillegg har eit barnebarn på dette trinnet, så treng ein vel ikkje sei så mykje anna enn at man vart rørt. Gjennom begge gudstenesta var det fleire av elevane som bidrog med lesing og song.
I går, torsdag 19.desember fylde vi igjen Austevoll kyrkje med tre skulegudstenester. Det er so flott å oppleve alle desse borna og ungdomane i kommunen, kor dei deltek på en fantastisk måte på gudstenestene. Dei er gode!!
Dette var noe av det vi gjorde i desember. I tillegg kom alle gudstenestene
Som de skjønar, så ser vi tilbake på ein travel, men veldig kjekke desember. No tek vi oss ein velfortent ferie heilt fram til neste år. Skulle du ha bruk for oss, so treff du oss på telefon.
Tuuuuusen takk til dåke alle som støtter so godt opp om alt vi holder på med i kyrkja. Vi er so takknemlege!
Ønskje dåke alle ei god og velsigna jul og alt godt for det nye året!