Velkomen til ein koselig myldrekveld i kyrkja og utdeling av 4 års bok i gudstenesta på søndagen.
I år fyller du 4 år! Kanskje har du fylt 4 år allerede eller kanskje du blir 4 snart? I det høve ønsker me å invitera nettopp deg til kyrkja. Vi skal ha to samlingar; ein myldrekveld midt i veka og utdeling av ”4- årsboka” på gudstenesta søndagen etter. Denne boka er ei gåve til deg frå Austevoll kyrkjelyd, til minne om dåpsdagen din.
Påmelding ca ei veke før på tlf 55082600 eller mail; austevoll.kyrkjekontor@kyrkja.no
Torsdag 24. oktober kl.17.00-18.00 samlast vi til MYLDREKVELD i Austevoll kyrkje eller Torsdag 07. november kl.17.00-18.00 MYLDREKVELD i Bekjarvik kyrkje. Du vel den dagen som passar for deg. Der vil du bli litt kjent med nokre av dei som jobbar i kyrkja, og du får bli kjent i kyrkja. Vi vil synge, undre oss og vi skal fortelja ein bibelhistorie.
Søndag 27. oktober kl. 11.00 er du velkomen til familiegudsteneste i Austevoll kyrkje eller Søndag 10. november kl. 11.00 i Bekkjarvik kyrkje. Fint om du møter litt før så vi får registrert deg. Ta med deg familie, vener og kjende når du skal få utdelt «Mi kyrkjebok».
Viss du ikkje kan kome på myldrekvelden, er du likevel hjarteleg velkommen til gudstenesta
Viss du ikkje har høve å koma til kyrkja nokre av dagane, ta kontakt med oss på kyrkjekontoret, så ordnar vi ei bok til deg.