Det næreme seg fornyelse av festeavgiftane
Kvart år vert det sendt ut krav på festeavgift for dei gravene som forfell til betaling. Like sikkert må me kvart år svara på spørsmål om festetid, enkle og doble graver m.m. Difor vil me her gje ei lita orientering om kva retningsliner som gjeld.
I gravferdslova er det nedteikna nokre overordna retningsliner som er felles for alle gravplassane i Norge. Ut frå desse har Austevoll sokneråd utarbeida lokale «Vedtekter for gravplassane i Austevoll».
For festeavgifter gjeld følgjande:
Festetida er 20 år. Når friperioden (dei fyrste 20 åra) er ute, kan grava festast for nye 20 år x 2. Altså til grava er 60 år. Det er desse to siste festeperiodane det skal betalast festeavgift for dersom ein ynskjer å forlenge feste av grava.
Eit av spørsmåla som ofte går igjen er dette:
Når eg har betalt for far, skal eg då også betala for mor? Dei ligg jo i same grava.
Nei, dei ligg ikkje i same grava. Dei ligg i kvar si grav, men ved sida av kvar andre. Festeavgifta gjeld for kvar einskild grav.
Kva om eg ikkje betaler?
Då står grava til disposisjon for soknerådet. Du kan ikkje lenger gjera krav på gravstaden og soknerådet er fri til å bruka den på ny, t.d. som urnegrav.
I vedtektene heiter det:
Pårørande skal varslast i god tid før fredingstida/festetida er ute. Er festet ikkje fornya innan 6. mndr. frå varslingsdato, fell gravstaden attende til kyrkjegarden.
Festeavgifta er for tida kr. 2.490,- for 20 år. Dette er svært rimeleg i forhold til dei fleste andre stader, der ein gjerne betaler same avgifta, men då for berre 5 år.
Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast. Dersom det er aktuelt å sletta grava skal pårørande varslast i god tid.