Kan ein ha vigsel i gudstenesta? Klart det!
For eit par veker sidan vart vi kontakta av eit par som ønska å døype barnet sitt. Ikkje ein uvanleg situasjon for eit kyrkjekontor, vil du sikkert tenkje no. Dette paret lurte på om dei kunne via seg i gudstenesta også. Då vart det ein meir uvanleg situasjon for kyrkjekontoret.
Er det nokke vi likar her, så er det utfordringar. Klart dei skulle få via seg og er det nokke vi også er gode på, så er det hemmelegheiter. For dette skulle ingen vite om.
Søndagen kom, klokka nærmar seg 11.00 og eit dåpsbarn mangla. Jan Tørres ønska velkommen til gudsteneste i Austevoll kyrkje, det vart ringt 3 slag for Gud og organist Audun set i gong med å spela Wagners bryllupsmarsj!! Ein tenkte at no hadde han funne feile notar. Men nei, Audun visste nok kva han skulle spele.
Inn døra kom eit brudepar, brura med dåpsbarnet Jeppe i armane og pappa med storesyster Mia Nora i handa. Bak der igjen kom det andre dåpsbarnet, Mia, saman med sine foreldre.
Alle i benkane fekk seg ein fantastisk overrasking, også dåpsfølgjet til lille Jeppe. Dette var det ingen som forventa, så det tok litt tid før dei skjønte kva som skulle skje.
Det vart stor applaus i kyrkja då Lise Marie Semb Landa og Niels Are Gustav Helland gav kvarandre sitt ja. Dette var stort å vera med på, er tilbakemeldingar vi har fått frå fleire som var i kyrkja denne dagen. Brura fortel på telefon at dei fekk akkurat ein slik dag som det ønska.
Kyrkja i Austevoll gratulerer atter ein gong Lise Marie og Niels så mykje med vigselen og ønskje det alt godt for framtida!