Vigsel er høgtid - og kyrkja har lang tradisjon for å leggje en fin ramme rundt høgtida.
I Austevoll kan alle kyrkjene brukast til vigsler. Storekalsøy kyrkje, Hundvåkøy kyrkje, Austevoll kyrkje, Bekkjarvik kyrkje, Stolmen kyrkje og Møkster Kapell. I tillegg kan det avtalast vigsel nokre stader utendørs.
Bestille lokale - tid og sted
Vigsel på kyrkjekontoret
Vigsel kan foregå i all enkelheit med kun prest, forlovere og evt. nokre få gjestar. I dei tilfella kan vigsel avtales direkte med prest eller ved kyrkjekontoret.
Vigsel i kyrkja
Normalt ønskjer brudeparet ei meir høgtideleg ramme rundt, med musikk og mange gjester. Da må vigselen bestillast her.
Ta kontakt med oss på telefon 55082600 dersom du har spørsmål til vigselen eller send mail til austevoll.kyrkjekontor@kyrkja.no
Me har stort sett alle vigslar på laurdagar kl13.00 og kl15.00 , men kan også setje opp andre dagar etter ynskje.
Vigsel utandørs
Hengjo og Rosehagen i Bekkjarvik er etter kvart blitt populære stader å vie seg. Dette er førehandsgodkjente stader.
Ved utendørs vigsel er det en del andre praktiske forhold som gjelder:
- Brudeparet må sjølv sørge for å reservere staden der ein ønskjer utendørs vigsel i tillegg til å bestilla her hos kyrkja.
- Ved utendørs vigsel stiller kyrkja kun med prest og organist.
- Kyrkja kan ikkje stille med utstyr som følgjer med utendørs vigsler, som f.eks. lydanlegg, musikkutstyr, alter, lys, kors, stoler, etc.
Velsignelse
Kyrkja i Austevoll tilbyr også velsignelse for borgerlig inngått ekteskap.
Papirarbeid / Prøvingsattest
Før vigsel kan finne sted må det foreligge godkjenning og gyldig prøvingsattest fra Folkeregisteret.
Klikk her for å bestille prøvingsattest på Skatteetaten.no
Prøvingsattesten er kun gyldig i 4 månader, og må vera gyldig på vigselsdagen.
Etter at folkeregisteret har godkjend/prøvd vigselen utsteder dei ein godkjenningsattest/prøving til dykkar private innboks i Altinn. Denne må vera kyrkjekontoret og presten i hende seinast 14 dagar før vigselen
NB! Vigselen kan ikke gjennomføres dersom presten ikke har fått denne attesten.
Etter vigselen får de tilsendt en vigselsattest til deres private innboks i Altinn.
Me ynskjer ikkje at de bruker konfetti eller ris inne eller utanfor kyrkjene våre. Alternativt kan de bruke såpebobler eller roseblader.