Stemningsfulle salmar er ei viktig del av den kyrkjelege vigselen, og er med på å setje ei fin ramme rundt seremonien. Snakk med organist dersom du treng tips eller råd til salmar, inngang og utgang.
Organisten vår har eit stort repertoar. Dersom de ønskjer noko spesiell musikk må de sjølv finne notar til dette. Organisten kan øve med solistar dersom dette er ønskjeleg.
Skal de ha avspeling må brudeparet sjølv ta med nødvendig utstyr til avspeling av musikk over lydanlegget i kyrkja. Det er viktig å sjekke på førehand om medbrakt utstyr passer.