LYS VAKEN
|
Arrangement |
Helga 29. nov – 30.nov. arrangerer
Austevoll kyrkjelyd «Lys Vaken». Tiltaket er ein del av kyrkjelyden sitt
trusoppleringsarbeid. Kyrkelydar over
heile landet inviterar 11-åringar (fødd i 2003) til å feira kyrkja sitt nyttår
med overnatting i kyrkja denne helga. Dette er tredje gongen Austevoll
kyrkjelyd arrangerer.
«Lys Vaken» har vore ein stor suksess som me håpar å gjenta i år også.
Om bornet ikkje er medlem av Den norske kyrkja er han/ho likevel velkomen til å delta på arrangementet.
Me samlast laurdag 29. november kl. 16.00 i Hundvåkøy Kyrkje. Der vil me ha eit variert program med leikar, aktivitetar, førebuing av gudsteneste, måltid og sosialt samvær. Når kvelden kjem, overnattar me i kyrkja. Søndag et me frukost saman, før me gjer dei siste førebuingane til gudstenesta. Lys Vaken vert avslutta med kyrkjekaffi etter gudstenesta.
NB! Det er spente born som er stolte av å visa fram det dei har øvd på. Derfor oppfordrar me foreldre, familie og venar å koma på gudstenesta på søndagen der borna skal vere aktiv deltakande.
Me ynskjer alle 11- åringer hjarteleg velkomen til nyttårsfeiring i kyrkja!
Under galleriet kan du sjå bilder frå LYS VAKEN 2012 og 2013!

Nytt ALPHA-kurs hausten 2014
A - Alle som leitar! Alpha-kurs er for alle som vil vite meir om kristen tru, eller som leiter etter eit kristent fellesskap
L - Læring og latter! Me har mykje å lære! På kursa er det også mykje humor, samatundes som me lærer meir om den kristne trua
P - Pizza og pasta! Kurskvelda byrjar med eit måltid kveldsmat. Dette smakar so godt og det er eit fint høve til å bli kjent med kvarandre
H - Hjelpe kvarandre! I små gruppar kan me hjelpa kvarandre med å finna svar på vanskelege spørsmål. Me har alle noko å bidra med
A - Alt du vil vite! Ingen spørsmål er for store, små, vanskelige eller dumme. Her blir du teken på alvor
Austevoll sokneråd, saman med bedehusa i kommunen, innbyr til nytt Alpha-kurs hausten 2014. Denne gangen vert kurset lagt til Selbjørn skule. Dei siste kursa var på Hundvåkøy, og responsen har vore stor. Rundt 60 personar deltok i fjor, og på Alpha-festen var det nærare 100 personer til stades.
Håpar vi ser deg til hausten. Kurset blir annonsert i Marsteinen, Facebook (du er vel ven med kyrkja i Austevoll?) og på heimasiden vår. Du er hjarteleg velkomen!